Pressen sier om Bruvoll/Halvorsen, Nattsang

Spellemannsbladet Nr 3 - 2004:
"Dette er ei svært tiltalande plate som eg set meir og meir pris på for kvar gong eg høyrar henne. Halvorsen syng med ei ro som er svært tillitvekkande, og som gjer at også tekstane opnar seg for tilhøyraren i større grad enn når kvedaren er intens og høyrest sjølvfokusert ut. Bruvolls gitarspel er enkelt, men aldri keisamt. Nokre stader har han lagt på fleire gitarar, og han nytter også slide og banjo - alt likeelegant ogovertydande. Halvorsens svært enkle, men effektive harmoniumspel på "Skipper Valivan" fungerer også bra. Ellers har plata ein fin balanse mellom rytmisk, stramme viser, som "Liten Kirsten som stalledreng" og friare utførde, som opningssporet "Ungjentedraum". Begge delar er utført mellom perfekt balanse mellomdet uanstregnte og kontrollerte. Dei fine fraseringane vitnar om musikarar som ikkje berre presterer kvar for seg, men samstundes har overskot til å lyda på kvarandre. Difor framstår denne plata som svært helstøpt.

Lydmessig er plata framifrå, og gitarane let særskildt godt. Teknikar Ulff Holand er mest kjend for å ha arbeida med elektronisk og rytmisk mei hardtslåande musikk, og produsent Frode Haltli har arbeid mykje med improvisasjon og samtidsmusikk. Med denne produksjonen viser dei at dei på same måte som Arve Henriksen og Per Oddvar Johansen, også kan nærma seg desse lågmælte visene med stor respekt, og plata er såleis eit døme på korleis det kan vera fruktbart å trekke inn samarbeispartnarar utanfor folkemusikkmiljøet." Sigbjørn Apeland

<<FLERE PRESSEKLIPP - FLERE PRESSEKLIPP>>

 

©2004 Rough Boy Design